Dagens hebraiske bibelvers: 2026-04-30

Hag 2,7–8 - Søndag før pinse, rekkje I (Hag 2,3–9)


וְהִרְעַשְׁתִּי


(vehir'asjti) וְ "og, men, for, eller, så, ..." 50270x partikkel -|- I ‎רעשׁ "å skjelve"; Hiphil: "å få til å skjelve, å riste" 29x vb. Hiph. perf. consecutivum 1sg.
• Som vanleg for verb i Hiphil-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Her er det snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) som forårsakar ei hending (kausativ bruk) og verbet står med objekt (transitiv transitivitet).
• Perfektum consecutivum blir brukt her for å framstille verbsituasjonen som framtidig (futurisk bruk), og for å relatere han til det føregåande som ei utbrodering/utdjuping (epeksegetisk bruk).
• Omsetjing: Eg kjem altså til å riste alle folka.
אֶת


(et) I אֵת [ikkje noko tilsvarande på norsk] 11134x objektsmerke.
• Markerer vanlegvis objektet i setninga, men nesten berre viss det er bunde.
כָּל


(kål) כֹּל "heilskapen, all, alle, kvar, heile" 5412x subst. m. sg. cstr. bnd.
• Substantivet כֹּל fungerer nesten alltid som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase og står derfor som regel i status constructus med eit substantivisk attributt etterpå som bestemmer det: heilskapen [av] ...
• Avhengig av om det neste ordet er u/bunde og ein-/fleirtal, kan dette ordet omsetjast med "all, alle, kvar, heile."
• Dette ordet er bunde i seg sjølv.
• Her fungerer det som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå. Denne frasen fungerer som objekt fordi han viser til dei som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: Eg kjem altså til å riste heilskapen [av] = alle folka.
הַגֹּויִם


(haggåjim) גֹּוי "folk(eslag)" 555x subst. m. pl. abs. bnd.
• Fungerer som substantivisk attributt til det føregåande ordet og har bestemmande genitivfunksjon fordi det identifiserer kva kjernen består av.
• Omsetjing: Eg kjem altså til å riste alle folka.
וּבָ֫אוּ


(ova'o) וְ "og, men, for, eller, så, ..." 50270x partikkel -|- בוא "å komme inn, gå inn; å ha samleie med; om sola og månen: å gå ned (å gå inn i teltet sitt?); saman med יצא "å gå ut": å komme inn frå å krige, frå å utføre gjeremål = å drive med daglege gjeremål" 2570x vb. Qal perf. consecutivum 3pl.
• Verb med lesemora ו (vav) som andre radikal pleier å ha ein a-vokal mellom første og tredje radikal i Qal perfektum og aktivt partisipp, og mangla andre radikal.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer/sansar noko (aktiv diatese). Det er elles snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) og verbet står utan objekt (intransitiv transitivitet).
• Perfektum consecutivum blir brukt her for å leggje verbsituasjonen framme i tid (futurisk bruk) og for å relatere situasjonen til det føregåande, her: noko som følgjer det føregåande i tid (konsekutiv bruk).
• Omsetjing: Og så skal ettertrakta gods [hos] alle folka komme hit.
חֶמְדַּת


(chemdat) ‎חֶמְדָּה "noko ettertrakta" 16x subst. f. sg. cstr. bnd.
• Substantivet er bunde fordi det substantiviske attributtet etterpå er bunde.
• Fungerer som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med dei neste to orda. Heile frasen fungerer som subjekt fordi han viser til det som resten av setninga fortel noko om.
• Fordi verbet står i fleirtal og den gamle greske omsetjinga (LXX) har eit fleirtalsord her, har det blitt føreslått å lesa eit ord i fleirtal med liknande tyding: חֲמֻדֹת.
• Omsetjing: Og så skal ettertrakta gods [hos] alle folka komme hit.
כָּל


(kål) כֹּל "heilskapen, all, alle, kvar, heile" 5412x subst. m. sg. cstr. bnd.
• Substantivet כֹּל fungerer nesten alltid som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase og står derfor som regel i status constructus med eit substantivisk attributt etterpå som bestemmer det: heilskapen [av] ...
• Avhengig av om det neste ordet er u/bunde og ein-/fleirtal, kan dette ordet omsetjast med "all, alle, kvar, heile."
• Dette ordet er bunde i seg sjølv.
• Her fungerer det som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå. Denne frasen fungerer som substantivisk attributt til det føregåande nomenet og har kanskje opphavsgenitiv funksjon fordi han viser til kor kjernen kjem frå, eller eigedomsgenitiv funksjon fordi han viser til kven som eig kjernen.
• Omsetjing: Og så skal ettertrakta gods [hos/frå] heilskapen [av] = alle folka komme hit.
הַגֹּויִם


(haggåjim) גֹּוי "folk(eslag)" 555x subst. m. pl. abs. bnd.
• Fungerer som substantivisk attributt til det føregåande ordet og har bestemmande genitivfunksjon fordi det identifiserer kva kjernen består av.
• Omsetjing: Og så skal ettertrakta gods [hos/frå] alle folka komme hit.
וּמִלֵּאתִי


(omilleti) וְ "og, men, for, eller, så, ..." 50270x partikkel -|- מלא "å vere full, ferdig, komplett; å fylle" 254x vb. Qal perf. consecutivum 1sg.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer/sansar noko (aktiv diatese). Det er elles snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) og verbet står med objekt (transitiv transitivitet).
• Perfektum consecutivum blir brukt her for å framstille verbsituasjon som ei hending i framtida (futurisk bruk), og for å relatere han til det føregåande som ei tidsmessig følgje (konsekutiv bruk).
• Omsetjing: Og så skal eg fylle dette huset [med] herlegdom/rikdom, seier HERREN Sebaot.
אֶת


(et) I אֵת [ikkje noko tilsvarande på norsk] 11134x objektsmerke.
• Markerer vanlegvis objektet i setninga, men nesten berre viss det er bunde.
הַבַּ֫יִת


(habbajit) בַּ֫יִת "hus, heim, bustad; dei som bur saman, familie" 2062x subst. m. sg. abs. bnd.
• Fungerer som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå. Heile frasen fungerer som objekt fordi han viser til det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: Og så skal eg fylle dette huset [med] herlegdom/rikdom, seier HERREN Sebaot.
הַזֶּה


(hazze) זֶה "denne, dette, her, der; זֶה ... וְזֶה: ein ... og ein annan" 1178x demonstrativ om det nære i tid el. rom el. tema, m. sg. bnd.
• Det har bunden form fordi det står samsvarsbøygd til det føregåande ordet.
• Her fungerer det som eit adjektivisk attributt til det føregåande ordet.
• Omsetjing: Og så skal eg fylle dette huset [med] herlegdom/rikdom, seier HERREN Sebaot.
כָּבוֹד


(kavåd) כָּבוֹד "tyngde, rikdom, ære, herlegdom" 200x subst. m. sg. abs. ubnd.
• Fungerer som adverbial fordi det gir utfyllande opplysingar om verbsituasjonen.
• Omsetjing: Og så skal eg fylle dette huset [med] herlegdom/rikdom, seier HERREN Sebaot.
אָמַר


(amar) I אמר "å seie, tenkje, vilje, love, forsikre, råde, befale" 5307x vb. Qal perf. 3msg.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Elles er det snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) og verbet står med objekt (transitiv transitivitet).
• Perfektum blir brukt for å framstille verbsituasjonen i sin heilskap, utan å avsløre noko av den indre, tidsmessige oppbygginga (perfektivt aspekt), her: ei handling som skjer i det språkbrukaren ytrar seg (momentant perfektum).
• Omsetjing: Og så skal eg fylle dette huset [med] herlegdom/rikdom, seier HERREN Sebaot.
יְהוָה


(adånaj/jahve/hasjsjem/sjema) יהוה "HERREN, GUD, Jahve ['han er til stades'?]" 6828x subst. gudenamn.
• Fungerer som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå. Heile frasen fungerer som subjekt fordi han viser til det som resten av setninga fortel noko om.
• Omsetjing: Og så skal eg fylle dette huset [med] herlegdom/rikdom, seier HERREN Sebaot.
צְבָאֹות׃


(tseva'åt) I ‎צָבָא "krigsteneste, felttog, strid, kamp; hærstyrke el. -avdeling, tropp; skare; arbeid i/ved heilagdommen, kultteneste el. -arbeid; tvangs- el. pliktteneste; i fleirtal: Sebaot" 485x subst. m. (og f.?) pl. abs. ubnd. el. bnd. og gudenamn
• Fungerer som apposisjon til det føregåande ordet fordi det nemner det same om igjen, men med eit anna ord, ev. som substantivisk attributt med bestemmande el. beskrivande genitivfunksjon.
• Omsetjing: Og så skal eg fylle dette huset [med] herlegdom/rikdom, seier HERREN Sebaot.
לִי


(li) לְ "til, for, når det gjeld, ..." 20062x prep. -|- pronomensuffiks i 1sg.
• Preposisjonen relaterer subjektet til utfyllinga, pronomensuffikset "eg", som eigar. Heile preposisjonsfrasen fungerer som beskrivande subjektspredikativ fordi han fortel korleis, kor, når, kvifor eller at subjektet (ikkje) er / var / kjem til å vere.
• Omsetjing: Tilhøyrande meg = Mitt [er] sølvet.
הַכֶּ֫סֶף


(hakkesef) כֶּ֫סֶף "sølv, sølvmynt, pengar" 403x subst. m. sg. abs. bnd.
• Fungerer som subjekt fordi det viser til det som resten av setninga fortel noko om.
• Omsetjing: Mitt [er] sølvet.
וְלִי


(veli) וְ "og, men, for, eller, så, ..." 50270x partikkel -|- לְ "til, for, når det gjeld, ..." 20062x prep. -|- pronomensuffiks i 1sg.
• Preposisjonen relaterer subjektet til utfyllinga, pronomensuffikset "eg", som eigar. Heile preposisjonsfrasen fungerer som subjektspredikativ fordi det fortel korleis, kor, når, kvifor eller at subjektet (ikkje) er / var / kjem til å vere.
• Omsetjing: Og tilhøyrande meg = mitt [er] gullet, seier HERREN Sebaot.
הַזָּהָב


(hazzahav) זָהָב "gull" 389x subst. m. sg. abs. bnd.
• Fungerer som subjekt fordi det viser til det som resten av setninga fortel noko om.
• Omsetjing: Og mitt [er] gullet, seier HERREN Sebaot.
נְאֻם


(ne'om) נָאוּם "kviskring, kunngjering" 376x subst. m. sg. cstr. bnd.
• Fungerer som kjerne (hovudord) i nomenfrasen נְאֻם יְהוָה צְבָאֹות "HERREN Sebaots ytring" og er bunde fordi det substantiviske attributtet etterpå er bunde sidan det er eit namn. Heile frasen fungerer som beskrivande subjektspredikativ til den føregåane setninga som subjekt.
• Denne frasen blir oftast brukt i profetiske tekstar for å markere noko som HERRENs ord/tale/kunngjering.
• Omsetjing: Og mitt [er] gullet, [er] HERREN Sebaots ytring.
יְהוָה


(adånaj/jahve/hasjsjem/sjema) יהוה "HERREN, GUD, Jahve ['han er til stades'?]" 6828x subst. gudenamn.
• Fungerer som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå. Heile frasen fungerer som substantivisk attributt til det føregåande ordet og har subjektsgenitiv funksjon fordi det viser til den som utfører handlinga som ligg implisitt i kjernen.
• Omsetjing: Og mitt [er] gullet, [er] HERREN Sebaots ytring.
צְבָאֹות׃


(tseva'åt) I ‎צָבָא "krigsteneste, felttog, strid, kamp; hærstyrke el. -avdeling, tropp; skare; arbeid i/ved heilagdommen, kultteneste el. -arbeid; tvangs- el. pliktteneste; i fleirtal: Sebaot" 485x subst. m. (og f.?) pl. abs. ubnd. el. bnd. og gudenamn
• Fungerer som apposisjon til det føregåande ordet fordi det nemner det same om igjen, men med eit anna ord, ev. som substantivisk attributt med bestemmande el. beskrivande genitivfunksjon.
• Omsetjing: Og mitt [er] gullet, [er] HERREN Sebaots ytring.



Merk at lydfilene ikkje ser ut til å virke på alle nettlesarar. Viss du har problem med å spele av lyden, prøv i ein annan nettlesar eller på eit anna apparat.

Les dagens hebraiske bibelvers i nettbibelen: Nynorsk | Bokmål

Bibelhebraisk grammatikk (PDF-fil, ~5MB)