Dagens hebraiske bibelvers: 2024-05-25

Jes 50,4 - 3. søndag i treeiningstida, rekkje II (Jes 50,4–5)

אֲדֹנָי

(adånaj) אָדֹון "herre" 334x subst. m. sg. abs. bnd. -|- י ָ
• Endinga י ָ- på slutten av dette ordet ser ut som eit pronomensuffiks i 1sg til eit ord i fleirtal. Men den er nok heller eit emfatisk/intensiverande suffiks som gjer at ordet tyder noko slik som "Herren over alt og alle" og er derfor bunde.
• Fungerer som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå. Heile frasen fungerer som subjekt fordi han viser til han som resten av setninga seier noko om.
• Omsetjing: Herren GUD har gitt meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe den trøytte [med] eit ord.
יְהֹוִה

(elåhim) יהוה "HERREN, GUD, Jahve ['han er til stades'?]" 6828x subst. gudenamn.
• Av vokalane ser ein at masoretane uttala ordet "elåhim" her, og ikkje "adånaj". Det var nok på grunn av det føregåande ordet.
• Fungerer som apposisjon til det føregåande ordet fordi det viser til det same om igjen, men med eit anna ord.
• Omsetjing: Herren GUD har gitt meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe den trøytte [med] eit ord.
נָ֫תַן

(natan) נתן "å gi, setje, leggje, gjere (om) til" 2010x vb. Qal perf. 3msg.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Det er elles snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) her og verbet står med objekt (transitiv transitivitet).
• Perfektum blir brukt for å framstille ein verbsituasjon i sin heilskap, utan å avsløre noko av den indre, tidsmessige oppbygginga (perfektivt aspekt), her: ei handling frå ein eller annan gong i fortida (ubestemt perfektum).
• Omsetjing: Herren GUD har gitt meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe den trøytte [med] eit ord.
לִי

(li) לְ "til, for, når det gjeld, ..." 20062x prep. -|- pronomensuffiks i 1sg.
• Preposisjonen relaterer det føregåande verbet til utfyllinga, pronomensuffikset "eg", som mottakar. Heile preposisjonsfrasen fungerer som objekt fordi han viser til han som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: Herren GUD har gitt "til" meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe den trøytte [med] eit ord.
לְשֹׁון

(lesjån) לָשֹׁון "tunge, språk" 117x subst. m. og f. sg. cstr. u/bnd.
• Fungerer som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå. Heile frasen fungerer som objekt fordi han viser til det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: Herren GUD har gitt meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe den trøytte [med] eit ord.
לִמּוּדִים

(limmodim) לִמּוּד / לִמֻּד "opplært, under opplæring, elev" 6x subst. m. pl. abs. bnd.
• Bunden artikkel blir brukt mindre i poesi. Ordet kan vere bunde fordi det viser til ei bestemt gruppe menneske.
• Adjektivet blir brukt substantivisk her for å nemne dei som er kjenneteikna av eigenskapen som ordet viser til.
• Fungerer som substantivisk attributt til det føregåande nomenet og har beskrivande genitivfunksjon fordi det viser til kategorien som kjernen høyrer til i.
• Omsetjing: Herren GUD har gitt meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe den trøytte [med] eit ord.
לָדַ֫עַת

(lada'at) לְ "til, for, når det gjeld, ..." 20062x prep. -|- ידע "å kjenne, vite, vere klar over, få vite, ta seg av / bry seg om, ha samleie med, bli kjent med, erfare, lære å kjenne, halde seg trufast til, velje, søkje, vie engasjement eller merksemd" 944x vb. Qal inf. constructus.
• Preposisjonen relaterer resten av setninga til utfyllinga, verbfrasen sett saman av verbet her og dei neste fire orda, som formål. Heile preposisjonsfrasen fungerer som fritt adverbial fordi han legg til opplysingar om situasjonen.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Verbet viser her til ein tilstand (stativ aksjonsart) og står med objekt (transitiv transitivitet).
• Verbet fungerer som hovudord i verbfrasen som utgjer utfyllinga for preposisjonen.
• Omsetjing: Herren GUD har gitt meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe den trøytte [med] eit ord.
לָעוּת

(la'ot) לְ "til, for, når det gjeld, ..." 20062x prep. -|- עות "å halde oppe, styrke?" 12x vb. Qal inf. constructus
• Preposisjonen relaterer det føregåande verbet til utfyllinga, verbfrasen sett saman av verbet her og dei neste tre orda, som produkt. Heile preposisjonsfrasen fungerer som objekt fordi han viser til det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Det er elles snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) her og verbet står med objekt (transitiv transitivitet).
• Verbet fungerer som hovudord i verbfrasen som utgjer utfyllinga for preposisjonen.
• Dette verbet finst berre her i GT og det er usikkert kva det betyr. I den gamle latinske omsetjinga (Vulgata), blir det omsett med "sustentare" (å halde oppe). I den gamle greske omsetjinga, står det ἐν καιρῷ "i (rett) tid", kanskje fordi det stod לעת (לְ "til, for, når det gjeld, ..." 20062x prep. -|- עֵת "tidspunkt, gong" 296x subst. f. sg. abs. ubnd.) eller liknande i kjeldeteksten.
• Omsetjing: Herren GUD har gitt meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe den trøytte [med] eit ord.
אֶת

(et) I אֵת [ikkje noko tilsvarande på norsk] 11134x objektsmerke
• Objektsmerket står vanlegvis framfor det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen (= objektet), men vanlegvis berre viss det er bunde.
יָעֵף

(ja'ef) יָעֵף "trøytt, sliten, svak" 4x adj. m. sg. abs. u/bnd.
• Adjektivet blir brukt substantivisk her for å nemne ein som er kjenneteikna av eigenskapen som ordet viser til.
• Fungerer som objekt fordi det viser til ein som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: Herren GUD har gitt "til" meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe ein som er trøytt / den trøytte [med] eit ord.
דָּבָר

(davar) דָּבָר "ord, sak, ting, tale, bodskap" 1440x subst. m. sg. abs. ubnd.
• Fungerer kanskje som fritt adverbial om reiskap fordi det legg til opplysingar om situasjonen.
• Omsetjing: Herren GUD har gitt "til" meg ei tunge [som] dei opplærde [har] for å kunne halde oppe ein som er trøytt / den trøytte [med] eit ord.
יָעִיר

(ja'ir) II עור "å vere vaken, å vakne"; Hiphil: "å vekkje, setje i gang, rope på" 80x vb. Hiph. impf. 3msg.
• Som vanleg for verb i Hiphil-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Elles er det snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) som forårsakar ei handling (kausativ bruk) og verbet står utan objekt (intransitiv transitivitet).
• Imperfektum blir brukt her for å framstille verbsituasjonen som gjentakande over tid (habituelt imperfektivt aspekt).
• Omsetjing: Han vekkjer morgon etter morgon, han vekkjer øyret for meg så [eg] kan høyre som dei som blir opplærde.
בַּבֹּ֫קֶר

(babbåker) בְּ "i, på, ved" 15525x prep. -|- בֹּ֫קֶר "morgon" 214x subst. m. sg. abs. bnd.
• Ein ser at substantivet er bunde ved at preposisjonen har vokalen patach under seg der den normalt ville hatt ein sjeva og at første bokstav i substantivet er fordobla.
• Preposisjonen relaterer resten av setninga til utfyllinga, substantivet som utgjer resten av ordet, som tidspunkt. Heile preposisjonsfrasen fungerer som fritt adverbial fordi han legg til opplysingar om situasjonen.
• Omsetjing: Han vekkjer om morgonen om morgonen = morgon etter morgon = kvar morgon, han vekkjer øyret for meg så [eg] kan høyre som dei som blir opplærde.

• Det at preposisjonsfrasen blir gjentatt, gir adverbialet distributiv (fordelande) betydning slik at det gjeld "kvar" morgon.
• Omsetjing: Han vekkjer om morgonen om morgonen = morgon etter morgon = kvar morgon, han vekkjer øyret for meg så [eg] kan høyre som dei som blir opplærde.
יָעִיר

(ja'ir) II עור "å vere vaken, å vakne"; Hiphil: "å vekkje, setje i gang, rope på" 80x vb. Hiph. impf. 3msg.
• Som vanleg for verb i Hiphil-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Elles er det snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) som forårsakar ei handling (kausativ bruk) og verbet står utan objekt (intransitiv transitivitet).
• Imperfektum blir brukt her for å framstille verbsituasjonen som gjentakande over tid (habituelt imperfektivt aspekt).
• Omsetjing: Han vekkjer kvar morgon, han vekkjer øyret for meg så [eg] kan høyre som dei som blir opplærde.
לִי

(li) לְ "til, for, når det gjeld, ..." 20062x prep. -|- pronomensuffiks i 1sg.
• Preposisjonen relaterer resten av setninga til utfyllinga, pronomensuffikset "eg", som den som har fordel av situasjonen. Heile preposisjonsfrasen fungerer som fritt adverbial fordi han legg til opplysingar om situasjonen.
• Omsetjing: Han vekkjer kvar morgon, han vekkjer øyret for meg så [eg] kan høyre som dei som blir opplærde.
אֹ֫זֶן

(åzen) אֹזֶן "øyre" 187x subst. f. sg. abs. u/bnd.
• Ordet har ikkje bunden artikkel, men kan vere bunde i betydning likevel. Bunden artikkel blir brukt mindre i hebraisk poesi.
• Fungerer som objekt fordi det viser til det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: Han vekkjer kvar morgon, han vekkjer øyret for meg så [eg] kan høyre som dei som blir opplærde.
לִשְׁמֹעַ

(lisjmåa') לְ "til, for, når det gjeld, ..." 20062x prep. -|- שׁמע "å høyre, lytte, lyde, forstå" 1159x vb. Qal inf. cstr.
• Preposisjonen relaterer resten av setninga til utfyllinga, verbfrasen sett saman av resten av dette ordet og ordet etterpå, som formål. Heile preposisjonsfrasen fungerer som fritt adverbial fordi han legg til opplysingar om situasjonen.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Verbet viser her til ei handling (fientiv aksjonsart) og står utan objekt (intransitiv transitivitet).
• Verbet fungerer som hovudord i verbfrasen som utgjer utfyllinga for preposisjonen.
• Omsetjing: Han vekkjer kvar morgon, han vekkjer øyret for meg til høyring = [eg] kan høyre som dei som blir opplærde.
כַּלִּמּוּדִים׃

(kallimmodim) כְּ "lik, i samsvar med, maken til, samtidig med" 2900x prep. -|- לִמּוּד / לִמֻּד "opplært, under opplæring, elev" 6x subst. m. pl. abs. bnd.
• Ein ser at adjektivet er bunde ved at preposisjonen har vokalen patach under seg der den normalt ville hatt ein sjeva og at første bokstav i adjektivet er fordobla.
• Adjektivet blir brukt substantivisk her for å nemne dei som er kjenneteikna av eigenskapen som ordet viser til.
• Preposisjonen relaterer resten av verbfrasen til utfyllinga, adjektivet her, som ein standard for samanlikning. Heile preposisjonsfrasen fungerer som fritt adverbial om måte fordi han legg til opplysingar om situasjonen.
• Omsetjing: Han vekkjer kvar morgon, han vekkjer øyret for meg så [eg] kan høyre som dei som blir opplærde.

Merk at lydfilene ikkje ser ut til å virke på alle nettlesarar. Viss du har problem med å spele av lyden, prøv i ein annan nettlesar eller på eit anna apparat.

Les dagens hebraiske bibelvers på norsk i nettbibelen her...

Bibelhebraisk grammatikk (PDF-fil, ~5MB)