Salme 36,10 - 19. søndag i treeiningstida, rekkje I (Salme 36,6–11)
כִּי
(ki) II כִּי "ja, for, at, når, viss, ..." 4483x stadfestingspartikkel.
• Fungerer her som setningsadverbial som understrekar sanningsverdien i setninga og kanskje relaterer ho til det føregåande som årsak.
• Omsetjing: Ja,/Sanneleg,/For hos deg [er] livsens kjelde.
עִמְּךָ
(immecha) עִם "med, hos" 1049x prep. -|- pronomensuffiks i 2msg.
• Preposisjonen relaterer subjektet til utfyllinga, pronomensuffikset "du", som stad. Heile preposisjonsfrasen fungerer som beskrivande subjektspredikativ fordi han fortel korleis, kor, når eller at subjektet (ikkje) er / var / kjem til å vere.
• Omsetjing: Ja,/Sanneleg,/For hos deg [er] livsens kjelde.
מְקֹור
(mekår) מָקֹור "kjelde, oppkomme" 18x subst. m. sg. cstr. bnd.
• Fungerer som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå og er bunde viss det substantiviske attributtet etterpå er bunde. Heile nomenfrasen fungerer som subjekt fordi det viser til det som resten av setninga seier noko om.
• Omsetjing: Ja,/Sanneleg,/For hos deg [er] livsens kjelde.
חַיִּים
(chajjim) I חַי "liv(et), levetid" 267x subst. m. pl. abs. ubnd./bnd.
• Dette ordet er nok bunde fordi det viser til noko som er det einaste av sitt slag og derfor kjent og unik. Bunden artikkel manglar kanskje fordi dette er poesi.
• Fungerer som substantivisk attributt til det føregåande ordet og har kanskje beskrivande genitivfunksjon fordi det viser til materialet som kjernen består av?
• Omsetjing: Ja,/Sanneleg,/For hos deg [er] livsens kjelde.
בְּאֹורְךָ
(be'årecha) בְּ "i, på, ved" 15525x prep. -|- אֹור "lys" 115x subst. m. sg. cstr. bnd. -|- pronomensuffiks i 2msg.
• Preposisjonen relaterer resten av setninga til utfyllinga, nomenfrasen som resten av ordet utgjer, som stad. Heile preposisjonsfrasen fungerer som fritt adverbial fordi han legg til opplysingar om situasjonen.
• Substantivet fungerer som kjerne (hovudord) i nomenfrasen som utgjer utfyllinga for preposisjonen og står i constructus og er bunde fordi det har eit pronomensuffiks til slutt.
• Suffikset fungerer som substantivisk attributt til nomenet her og har subjekts- eller opphavsgenitiv funksjon fordi det viser til kjelda til kjernen.
• Omsetjing: I lyset ditt ser vi lys.
נִרְאֶה
(nir'e) ראה "å sjå, oppdage, passe på, velje" 1299x vb. Qal impf. 1pl.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Verbet viser her til ein tilstand (stativ aksjonsart) og står med objekt (transitiv transitivitet).
• Imperfektum er brukt her for å knyte verbsituasjonen til eit høve hos subjektet (modal bruk).
• Omsetjing: I lyset ditt er det mogleg for oss å sjå = har vi høve til å sjå = ser vi lys.
אֹור׃
(år) אֹור "lys" 115x subst. m. sg. abs. u/bnd.
• Sjølv om ordet ikkje har bunden artikkel, kan det vere bunde viss det viser til noko kjent og unik.
• Fungerer som objekt fordi det viser til noko som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: I lyset ditt ser vi lys.
Merk at lydfilene ikkje ser ut til å virke på alle nettlesarar. Viss du har problem med å spele av lyden, prøv i ein annan nettlesar eller på eit anna apparat.