(alken) עַל כֵּן "derfor" 156x adverb
• Dette er eit "kompleks" adverb fordi det er sett saman av preposisjonen עַל "over, på, mot" og adverbet כֵּן "slik".
• Her fungerer dei saman som eit setningsadverbial som relaterer denne setninga til det føregåande som ei følge.
• Omsetjing: Derfor (kalla ein han "Babel").
קָרָא
(kara) קרא "å kalle, rope, lese" 732x vb. Qal perf. 3msg.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som handlar/erfarer noko eller er i ein aller annan tilstand (aktiv diatese). Her er det snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) og verbet står med objekt (transitiv transitivitet).
• Perfektum blir brukt for å framstille verbsituasjonen i sin heilskap, utan å avsløre noko av den indre, tidsmessige oppbygginga (perfektivt aspekt), her: ei avslutta handling i fortida (preterisk perfektum).
• Omsetjing: (Derfor) kalla ein (han "Babel").
שְׁמָהּ
(sjemah) I שֵׁם "namn, rykte, ry, minne, vidareføring" 864x subst. m. sg. cstr. bnd. + pronomensuffiks i 3fsg.
• Substantivet fungerer som kjerne (hovudord) i nomenfrasen som dette ordet utgjer og står i constructus og er bunde fordi det har eit pronomensuffiks etter seg (BG §§ 35 & 46.a). Heile frasen fungerer som objekt fordi han viser til det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Pronomensuffikset fungerer som substantivisk attributt til nomenet her og har bestemmande genitivfunksjon fordi det identifiserer kjernen gjennom eit eksklusivt forhold.
• Suffikset står i hokjønn fordi det viser tilbake til hokjønnssubstantivet הָעִיר "byen" på slutten av v. 8. Sidan "by" er eit hankjønssubstantiv på norsk, blir pronoment "hans" brukt i omsetjinga.
• Når ein gir namnet X til noko(n) på hebraisk heiter det "å kalle namnet: X".
• Omsetjing: (Derfor kalla ein) namnet hans = han ("Babel").
בָּבֶל
(bavel) בָּבֶל "Babel, Babylonia [frå Akkadisk: 'gudeporten']" 262x subst. by- og områdenamn.
• Fungerer som objektspredikativ fordi det viser til kva objektet er/blir i samband med verbsituasjonen.
• Omsetjing: (Derfor kalla ein han) "Babel".
כִּי
(ki) II כִּי "ja, for, at, når, viss, ..." 4483x stadfestingspartikkel.
• Fungerer her som setningsadverbial som framhevar sanningsverdien i setninga og kanskje relaterer henne til det føregåande som ei årsak.
• Omsetjing: Ja,/For/Nettopp (der laga HERREN ei røre av språket [for] heile jorda).
שָׁם
(sjåm/sjam) שָׁם "der" 834x adverb.
• Fungerer som adverbial.
• Omsetjing: (Ja,/For/Nettopp) der (laga HERREN ei røre av språket [for] heile jorda).
בָּלַל
(balal) בלל "å blande/røre saman" 44x vb. Qal perf. 3msg.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som handlar/erfarer noko eller er i ein aller annan tilstand (aktiv diatese). Her er det snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) og verbet står med objekt (transitiv transitivitet).
• Perfektum blir brukt for å framstille verbsituasjonen i sin heilskap, utan å avsløre noko av den indre, tidsmessige oppbygginga (perfektivt aspekt), her: ei avslutta handling i fortida (preterisk perfektum).
• Omsetjing: (Ja,/For/Nettopp der) laga (HERREN) ei røre av (språket [for] heile jorda).
יְהוָה
(adånaj/jahve/hasjsjem/sjema) יהוה "HERREN, Jahve ['han er til stades'?]" 6828x subst. gudenamn
• Fungerer som subjekt fordi det viser til det som resten av setninga seier noko om.
• Omsetjing: (Ja,/For/Nettopp der laga) HERREN (ei røre av språket [for] heile jorda).
שְׂפַת
שָׂפָה "leppe, språk, kant" 176x subst. f. sg. cstr. bnd.
• Fungerer som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med dei to orda etterpå og er bunde fordi det substantiviske attributtet etterpå er bunde. Heile frasen fungerer som objekt fordi han viser til det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: (Ja,/For/Nettopp der laga HERREN ei røre av) språket ([for] heile jorda).
כָּל
(kål) כֹּל "heilskapen, all, alle, kvar, heile" 5412x subst. m. sg. cstr. bnd.
• Substantivet כֹּל fungerer nesten alltid som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase og står derfor som regel i status constructus med eit substantivisk attributt etterpå som bestemmer det: heilskapen [av] ...
• Avhengig av om det neste ordet er u/bunde og ein-/fleirtal, kan dette ordet omsetjast med "all", "alle", "kvar", "heile" ...
• Dette ordet er bunde i seg sjølv.
• Her fungerer det som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå. Heile frasen fungerer som substantivisk attributt til det føregåande nomenet og har subjektsgenitiv funksjon fordi det visert til dei som utfører handlinga som ligg i kjernen.
• Omsetjing: (Ja,/For/Nettopp der laga HERREN ei røre av språket [for]) heilskapen [av] = heile (jorda). = (språket [som]) heile (jorda [snakka]).
הָאָרֶץ
(ha'arets) אֶ֫רֶץ "land, jord, bakke" 2504x subst. f. sg. abs. bnd.
• Fungerer som substantivisk attributt til det føregåande nomenet og har bestemmande genitivfunksjon fordi det identifiserer kva kjernen består av.
• Omsetjing: (Ja,/For/Nettopp der laga HERREN ei røre av språket [for] heilskapen [av] = heile) jorda.
וּמִשָּׁם
(omisjsjam) וְ "og, men, for, eller, så, ..." 50270x konj. -|- I מִן "frå, av, på grunn av, enn" 7540x prep. -|- שָׁם "der" 834x adverb
• Preposisjonen relaterer verbet etterpå til utfyllinga שָׁם "der" 834x som stadleg utgangspunkt for ein bevegelse. Heile preposisjonsfrasen fungerer som adverbial fordi han gir utfyllande opplysingar om setninga eller verbet.
• Omsetjing: Og frå der = Og derifrå (spreidde HERREN dei ut over heile jorda).
הֱפִיצָם
(hefitsam) פוץ "å spreie seg ut, vere spreidd"; Hiphil: "å få til å spreie seg ut, å spreie noko(n) ut" 64x vb. Hiph. perf. 3msg. -|- pronomensuffiks i 3mpl.
• Verb med lesemora ו (vav) som andre radikal manglar denne bokstaven i mange former.
• Som vanleg for verb i Hiphil-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer/sansar noko (aktiv diatese). Her viser det til ei handling (fientiv aksjonsart) som forårsakar ei handling (kausativ bruk) og står med objekt (transitiv transitivitet).
• Perfektum blir brukt for å framstille verbsituasjonen i sin heilskap, utan å avsløre noko av den indre, tidsmessige oppbygginga (perfektivt aspekt), her: ei avslutta handling i fortida (preterisk perfektum).
• Suffikset fungerer som objekt fordi det viser til det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: (Og derifrå) spreidde (HERREN) dei ut (over heile jorda).
יְהוָה
(adånaj/jahve/hasjsjem/sjema) יהוה "HERREN, Jahve ['han er til stades'?]" 6828x subst. gudenamn
• Fungerer som subjekt fordi det viser til det som resten av setninga seier noko om.
• Omsetjing: (Og derifrå spreidde) HERREN (dei ut over heile jorda).
עַל פְּנֵי
(alpene) עַל פְּנֵי "over, på, framfor, på framsida til, aust for, midt imot, mot, til skade for" 205x prep.
• Dette er ein kompleks preposisjon fordi den er sett saman av preposisjonen עַל "over, på, mot" og substantivet פָּנִים "framside, overflate" i status constructus. Her fungerer dei saman som éin preposisjon.
• Relaterer verbet הֱפִיצָם "spreidde dei ut" til utfyllinga, nomenfrasen sett saman av dei to orda etterpå, som stad. Heile preposisjonsfrasen fungerer som adverbial fordi han gir utfyllande opplysingar om setninga eller verbet.
• Omsetjing: (Og derifrå spreidde HERREN dei ut) over (heile jorda).
כָּל
(kål) כֹּל "heilskapen, all, alle, kvar, heile" 5412x subst. m. sg. cstr. bnd.
• Substantivet כֹּל fungerer nesten alltid som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase og står derfor som regel i status constructus med eit substantivisk attributt etterpå som bestemmer det: heilskapen [av] ...
• Avhengig av om det neste ordet er u/bunde og ein-/fleirtal, kan dette ordet omsetjast med "all", "alle", "kvar", "heile" ...
• Dette ordet er bunde i seg sjølv.
• Her fungerer det som kjerne (hovudord) i ein nomenfrase saman med ordet etterpå. Heile frasen fungerer som substantivisk attributt til det føregåande nomenet og har subjektsgenitiv funksjon fordi det visert til dei som utfører handlinga som ligg i kjernen.
• Omsetjing: (Og derifrå spreidde HERREN dei ut over) heilskapen [av] = heile (jorda).
הָאָרֶץ׃
(ha'arets) אֶ֫רֶץ "land, jord, bakken" 2504x subst. f. sg. abs. bnd.
• Fungerer som substantivisk attributt til det føregåande nomenet og har bestemmande genitivfunksjon fordi det identifiserer kva kjernen består av.
• Omsetjing: (Og derifrå spreidde HERREN dei ut over heilskapen [av] = heile) jorda.