Dagens hebraiske bibelvers: 2021-11-06

Salme 107,26 - 25. søndag i treeiningstida, rekkje II (Salme 107,23-32)


יַעֲלוּ

(ja'alo) עלה "å stige/gå/fare opp(over)" 890x vb. Qal impf. 3mpl.
• Verb med lesemora ה (he) som tredje radikal manglar denne bokstaven i former med suffiks.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Elles viser verbet her til ei handling (fientiv aksjonsart) og står utan objekt (intransitiv transitivitet).
• Imperfektum blir brukt her for å framstille verbsituasjonen som gjentakande i fortida (habituelt imperfektivt aspekt).
• Omsetjing: Dei steig [igjen og igjen] ([mot] himmelen).
שָׁמַ֫יִם


(sjamajim) שָׁמַ֫יִם "himmel" 421x subst. m. pl. abs. bnd.
• Sjølv om dette ordet ikkje har bunden artikkel, er det bunde fordi det viser til noko kjent og unik. Bunden artikkel er lite brukt i hebraisk poesi.
• Det står kanskje i fleirtal på grunn av storleiken.
• Dette ordet fungerer som adverbial.
• Omsetjing: (Dei steig [igjen og igjen mot]) himmelen.
יֵרְדוּ
(ja'alo) ירד "å stige/gå/fare ned(over)" 378x vb. Qal impf. 3mpl.
• Verb med י (jåd) som første radikal manglar denne bokstaven i Qal imperfektum (og imperativ, jussiv, kohortativ og infinitiv constructus).
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Elles viser verbet her til ei handling (fientiv aksjonsart) og står utan objekt (intransitiv transitivitet).
• Imperfektum blir brukt her for å framstille verbsituasjonen som gjentakande i fortida (habituelt imperfektivt aspekt).
• Omsetjing: Dei sokk [igjen og igjen] ([i] djupet).
תְהֹומֹות
(tehåmåt) תְּהֹום "urhavet, havdjupet" 36x subst. m. og f. pl. abs. bnd.
• Dette substantivet er bunde i seg sjølv fordi det viser til noko kjent og unik.
• Det står kanskje i fleirtal på grunn av storleiken.
• Fungerer som adverbial.
• Omsetjing: (Dei sokk [igjen og igjen i]) djupet.
נַפְשָׁם


(nafsjam) נֶ֫פֶשׁ "person, liv, sjel, strupe, pust, levande vesen, lengsel; med pr.sf. i 1. person: poetisk omskriving for det personlege pronomenet" 754x subst. f. sg. cstr. bnd. -|- pronomensuffiks i 3mpl.
• Substantivet fungerer som kjerne (hovudord) i nomenfrasen som dette ordet utgjer. Det står i constructus og er bunde fordi det har eit pronomensuffiks til slutt. Heile frasen fungerer som subjekt fordi han viser til det som resten av setninga fortel noko om.
• Suffikset fungerer som substantivisk attributt til nomenet her og har bestemmande genitivfunksjon fordi det identifiserer kjernen gjennom eit ekslusivt forhold.
• Omsetjing: Personen deira = Sjølve (smelta) dei (vekk / gjekk) dei (i oppløysing / stykke i/av ulukke).
בְּרָעָה
(bera'a) בְּ "i, på, ved" 15525x prep. -|- רָעָה "vondskap, ulukke, skade" 314x subst. f. sg. abs. ubnd.
• Preposisjonen relaterer resten av setninga til utfyllinga, substantivet her, som tidspunkt eller tilstand eller grunn. Heile frasen fungerer som adverbial fordi han gir utfyllande opplysingar om setninga eller verbet.
• Omsetjing: (Sjølve smelta dei vekk / gjekk dei i oppløysing / stykke) i/av ulukke.
תִתְמֹוגָג׃
(titmågag) מוג "å vakle? / å smelte el. svime av?"; Hithpolel: "å smelte (vekk), gå i oppløysing, gå i stykke" vb. Hithp. impf. 3fsg.
• Hithpolel tilsvarer som regel Hithpael, men blir brukt med enkelte typar uregelmessige verb.
• Dette verbet i Hithpolel viser kanskje til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer noko eller er i ein eller annan tilstand (aktiv diatese). Elles viser verbet her til ei handling (fientiv aksjonsart) og står utan objekt (intransitiv transitivitet). Det er vanskeleg å sjå at verbet blir brukt med medium diatese eller faktitivt/resultativt.
• Imperfektum blir brukt her for å framstille verbsituasjonen som gjentakande i fortida (habituelt imperfektivt aspekt).
• Omsetjing: (Sjølve) smelta (dei) vekk / gjekk (dei) i oppløysing / stykke [gong på gong] (i/av ulukke).


Les dagens hebraiske bibelvers i nettbibelen: Nynorsk | Bokmål

Bibelhebraisk grammatikk (PDF-fil, ~5MB)