Dagens hebraiske bibelvers: 2021-10-12

Ordt 6,21 - 22. søndag i treeiningstida, rekkje II (Ordt 6,20-23)


קָשְׁרֵם

(kåsjrem) קשׁר "å binde, feste; å lage samansverjing" 44x vb. Qal imv. 2msg. -|- pronomensuffiks i 3mpl.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer/sansar noko (aktiv diatese). Det er elles snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) og verbet står med objekt (transitiv transitivitet).
• Imperativ blir brukt her om ei formaning eller eit råd.
• Suffikset fungerer som objekt fordi det viser til det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: Bind dei (alltid på/til hjartet ditt)!
עַל


(al) II עַל "over, på, mot, framfor, på grunn av, ved (sida av)" 5764x prep./konj.
• Relaterer det føregåande verbet til utfyllinga, nomenfrasen etterpå, som stad. Heile preposisjonsfrasen fungerer som adverbial fordi han gir utfyllande opplysingar om setninga eller verbet.
• Omsetjing: (Bind dei alltid) på/til (hjartet ditt)!
לִבְּךָ


(libbecha) לֵבָב/לֵב "hjarte, hug, mot, vilje, fornuft, sinn, merksemd, samvit, det som bestemmer i eit menneske" 853x subst. m. sg. cstr. bnd. -|- pronomensuffiks i 2msg.
• Substantivet fungerer som kjerne (hovudord) i nomenfrasen som dette ordet utgjer og står i constructus og er bunde fordi det har eit pronomensuffiks knytt til seg. Heile frasen fungerer som utfylling for den føregåande preposisjonen.
• Suffikset fungerer som substantivisk attributt til nomenet her og har heilskapsgenitiv funksjon (partitiv genitivfunksjon) fordi det viser til heilskapen som kjernen er ein del av eller subjektsgenitiv funksjon fordi det viser til han som styrer kjernen.
• Omsetjing: (Bind dei alltid på/til) hjartet ditt!
תָמִיד
(tamid) תָּמִיד "kontinuerleg, stadig, utan avbrot" adverb
• Fungerer som adverbial.
• Omsetjing: (Bind dei) alltid (på/til hjartet ditt)!
עָנְדֵם
(åndem) ענד "å knyte/binde på, feste" vb. Qal imv. 2msg. -|- pronomensuffiks i 3mpl.
• Som vanleg for verb i Qal-stamma, viser verbet her til ein situasjon der det er subjektet som utfører/erfarer/sansar noko (aktiv diatese). Det er elles snakk om ei handling (fientiv aksjonsart) og verbet står med objekt (transitiv transitivitet).
• Imperativ blir brukt her om ei formaning eller eit råd.
• Suffikset fungerer som objekt fordi det viser til det som blir ramma, tilverka eller sansa i verbsituasjonen.
• Omsetjing: Knyt dei (om halsen din)!
עַל


(al) II עַל "over, på, mot, framfor, på grunn av, ved (sida av)" 5764x prep./konj.
• Relaterer det føregåande verbet til utfyllinga, nomenfrasen etterpå, som stad. Heile preposisjonsfrasen fungerer som adverbial fordi han gir utfyllande opplysingar om setninga eller verbet.
• Omsetjing: (Knyt dei) på/om (halsen din)!
גַּרְגְּרֹתֶךָ׃
(gargeråtecha) גַּרְגָּרֹות "svelg, hals" subst. f. pl. (sg.?) cstr. bnd. -|- pr.sf. i 2msg.
• Det kan hende dette ordet står i fleirtal fordi det er noko som strekkjer seg ut.
• Substantivet fungerer som kjerne (hovudord) i nomenfrasen som dette ordet utgjer og står i constructus og er bunde fordi det har eit pronomensuffiks knytt til seg. Heile frasen fungerer som utfylling for den føregåande preposisjonen.
• Suffikset fungerer som substantivisk attributt til nomenet her og har heilskapsgenitiv funksjon (partitiv genitivfunksjon) fordi det viser til heilskapen som kjernen er ein del av.
• Omsetjing: (Knyt dei på/om) halsen din!


Les dagens hebraiske bibelvers på norsk i nettbibelen her...

Bibelhebraisk grammatikk (PDF-fil, ~5MB)